ANNONSØRINNHOLD FRA ENGESUND VISNINGSSENTER

Opplev auren der den lever – for heile familien!

Velkommen til Engesund Visningssenter – ei spennande oppleving midt i det vakre øyriket vest for Fitjar. Her får du eit nært møte med moderne fiskeoppdrett, smakfull lokalmat og flotte naturopplevingar.

Sjå, smak og lær

Bli med på ei omvising og sjå korleis oppdrett av fisk blir drive – heilt frå rogn til ferdig mat. Du får lære om havbruksnæringa gjennom ein guida tur, og sjølvsagt smake på auren.

Båttur og spektakulær natur

Som ein del av opplevinga tilbyr me også båttur i det fantastiske øyriket rundt Fitjar. Her får du vakker utsikt, frisk sjøluft og ei oppleving du seint vil gløyme.

Faste avgangar kl. 11.00 og 14.00 frå Fitjarsjøen 2

Kafé med smak av havet

Kaféen på flåten er open kvar dag frå kl. 12.00 til 17.00 og serverer aure i mange variantar – frå klassiske rettar til spennande smaksopplevingar. Kombiner gjerne eit måltid med omvising på våre faste avgangar.

Du kan òg kome med eigen båt – anten for å vere med på visning, eller berre for å kose deg med god mat og flott utsikt frå kaféen.Velkommen innom turistinformasjon som er på kontorbygget vårt på land på Fitjar, 10.00–18.00 alle dagar.

Hjartelig velkommen til oss!

PS! Det kan vera lurt å booke for å sikre plass. Ta kontakt på telefon 95 18 99 50 eller send oss ein e-post.

For meir informasjon, besøk nettsida vår.

Praktisk informasjon

Stad: Dyrholmen, i Fitjarøyane – flåten ligg idyllisk til ved sjøkanten

Kafé og visning: Kl. 12.00–17.00 kvar dag

Faste avgangar: Kl. 11.00 og 14.00

Turistinformasjon: I kontorbygget vårt på Fitjar, ope kl. 10.00–18.00

Det er lurt å bestille på førehand:

Telefon: +47 95 18 99 50

E-post: visning@engesund.no